Nyhende Til topps i Hordablæsten For andre år på rad gjekk Nordbygda Brekke samarbeidskorps heilt til topps i sin klasse under Hordablæsten. Resultata vart kunngjort under festkonserten og premieutdelinga i Grieghallen søndag kveld. 17.04.2024 Mange gode tankar på dialogmøte Tusen takk til alle frivillige som møtte opp på dialogmøte den 10. april på Nordbygda skule. 15.04.2024 Vegarbeid på fylkesveg 570 Onsdag 10. april og torsdag 11. april vert det asfaltering mellom Nordkvingo (Vågsbotnen) til Hope. 10.04.2024 Rydding av boss i naturen kan gje pengar i lagskassa Organisasjonar og lag med medlemmer mellom 6 og 19 år kan søkje Handelens Miljøfond om dugnadspengar for å rydde i nærmiljøet og naturen. Dei har 15 millionar å dele ut, og det er førstemann til mølla-prinsippet som gjeld – løp og søk! 08.04.2024 Kulturskulen er ute med ny cd I desse dagar er kulturskulen ute med nye innspelingar. Kulturskulen har sidan 2012 gitt ut 5 cd-ar samt ein jule-cd. Tida for cd-ar er på hell, så me har bestemt oss for at denne utgjevinga vert digital. 08.04.2024 Elevopptak i kulturskulen for skuleåret 2024-25 Søknadsfrist for inn- og utmelding er 1.mai. 05.04.2024 What It Is - A tribute to Dire Straits & Mark Knopfler på Sandneskaféen Det er med stor glede me kan ønskje What It Is - A tribute to Dire Straits & Mark Knopfler tilbake på utescena på Sandneskaféen! Lørdag 8.juni blir det musikkfest på Masfjordnes frå klokka 20.00 og inn i juni-kvelden. 02.04.2024 Vedlikehaldsarbeid på kabelferja Fjon-M skal til Solund på verksted i veke 15 og 16 for nødvendig og pålagt vedlikehald. 02.04.2024 Dialogmøte om frivillig arbeid Bli med på dialogmøte om frivillig arbeid, onsdag 10. april. Påmelding innan 5. april. 02.04.2024 Drop-in på HFU Helsestasjonen for ungdom har ope for drop-in mandag 25 mars. 24.03.2024 Tannklinikken i Eivindvik tek påskeferie Evindvik tannklinikk har stengt i påskeveka. 21.03.2024 Frist for å søkja sosialhjelp før påske Søknadsfrist for å søkja krisehjelp før påske er tysdag 26. mars kl 12:00 . Første ordinære utbetalingsdagar etter påske er tysdag 2.april 20.03.2024 Framlegg til kommunal planstrategi ut på høyring Formannskapet i Masfjorden har i møte den 11.03.2024, i sak 24/2024, og i medhald av plan- og bygningslova sin § 10-1 gjort vedtak om å leggja framlegg til planstrategi for Masfjorden kommune 2024 – 2027 ut på høyring. Frist for tilbakemelding er 14.mai 2024. 18.03.2024 Risnes bru vert ikkje stengt den 19 – 20. mars likevel Risnes bru vert ikkje stengt den 19 – 20. mars likevel. Utsettinga av bruarbeidet skuldast meir nedbør. 18.03.2024 Modernisering av mobilnettet Telenor moderniserer mobilnettet og fleire basestasjonar skal oppgraderast langs Austfjordvegen i perioden 15.03 – 23.03. 16.03.2024 Risnes bru blir stengt 19.–20. mars Risnes bru i Masfjorden blir heilt stengt frå tysdag 19. mars kl. 21 til onsdag 20. mars kl. 21. Det blir skilta omkøyring om Sleire. 16.03.2024 Kunngjering av offentleg ettersyn av reguleringsplan for Botneneset i Masfjorden kommune Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 11.03.2024 i sak 26/2024, gjort vedtak om å leggje 1. gangs framlegg til reguleringsplan for Botneneset ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Reguleringsplanen har fått plan ID – 4634 20210004. Frist for merknader: 14.mai 2024. 16.03.2024 Opningstider på legekontoret i påska Her kjem litt informasjon om opningstidene i påska. 13.03.2024 Telefon legekontor Det kan vera vanskelig å få kontakt med legekontoret i dag mellom klokka 11-12 på grunn av omlegging av telefonleverandør. 12.03.2024 Velkommen til konsertveke I tida 12.mars- 21.mars inviterer kulturskulen til konsertar på dei tre skulane våre. 11.03.2024 Hovudluskampanje Folkehelseinstituttet oppmodar alle familiar med barn i barnehage- og skulealder til å vere med i den nasjonale halvårlege aksjonen mot hovudlus helga i veke 10, (9. og 10. mars). 06.03.2024 Kommunale tilskot på kulturområdet Søknadsfristar for å søkja om tilskot på kulturområdet samt framlegg til kulturpriskandidat for 2024 er 15. april. 05.03.2024 Bassenget er åpna igjen Bassenget vart åpna att 20 februar, etter ei tid med reparasjoner. 23.02.2024 Sigrid Moldestad til Masfjorden Det er enno nokre billettar igjen til Moldestad-konserten i Kvamsdals fargeri måndag 29.april, så vil du sikra deg billett må du vera rask.Det er lagt ut til saman 60 billettar til konserten.Billettar kjøper du her: https://www.eventim.no/eventseries/3596521/?affiliate=FK3Les om konserten her:Masfjorden kommune - Sigrid Moldestad til Masfjorden 22.02.2024 Vaksine mot Tuberkulose Det blir satt av tid til vaksine mot Tuberkolose (BCG-vaksine) på Masfjorden helsestasjon tysdag 5.mars 2024. 15.02.2024 Ungdomsrådet er i dag konstituert Det nyvalgte ungdomsrådet har i dag hatt sitt aller første møte. 15.02.2024 Masfjordungdom på UKM 11 ungdommar frå Masfjorden deltok på den regionale UKM-mønstringa i februar. 13.02.2024 Bassenget fortsatt stengt Bassenget på Matre er fortsatt stengt. 09.02.2024 Søknad om SFO for 2024/2025 Treng du SFO-plass til barnet ditt frå hausten? Søknadsfristen er 1.mars, og du må søkje i appen Visma Minskole. 09.02.2024 Barnehageplass 2024/2025 Det nærmar seg søknadsfrist for barnehageplass frå hausten 2024, fristen er 1.mars. 09.02.2024 Vaksine mot Tuberkolose (BCG-vaksine) Det blir satt av tid til vaksine mot Tuberkolose (BCG-vaksine) på Masfjorden helsestasjon tysdag 5.mars 2024. 08.02.2024 Invitasjon til reiselivsmøte Visit Bergen, Region Nordhordland, Gulen og Masfjorden Utvikling og Klar bedrift inviterer til reiselivsmøte 14. februar. 07.02.2024 Varsel om mykje nedbør fredag Meteorologisk Institutt varslar mykje regn på fredag. På Matre kan koma 104 mm regn. 01.02.2024 Sommarjobb 2024 Årets sommarjobbar ligg no ute på Jobbnorge, og me håpar at mange har lyst å søke hos oss. 01.02.2024 Nytt eldreråd på plass Svein Kvamsdal er valt inn som ny leiar i eldrerådet. 29.01.2024 Mykje regn og vind i vente Det er venta mykje regn og vind i natt og i morgon, samt stor rasfare. 21.01.2024 Kompetanseløft på Berivest I helga har det vore full aktivitet på øvingsanlegget Berivest i Sløvågen. GMBR er i gang med obligatorisk grunnkurs. 21.01.2024 Varsel om mykje snø fredag 19.1.24 Det er venta mykje snø i kveld og i morgon, samt ein del vind. Føl med på varslingar og tilpass deg til forholda. Ta heimekontor, om mogleg. Det kan redusere belastninga på vegane for dei som brøyter. 18.01.2024 Kunngjering av godkjent reguleringsplan for Hosteland Vest i Masfjorden kommune I medhald av plan- og bygningslova vert det kunngjort at kommunestyret har godkjent reguleringsplan for Hosteland Vest. Klagefristen er 1.2.2024. 18.01.2024 Stengt legekontor Legekontoret vert stengt torsdag 18.01.24 (frå kl. 13.00) og fredag 19.01.24 16.01.2024 Glatte vegar! GMBR melder om glatte vegar i Masfjorden og Gulen på morgonkvisten. 16.01.2024 Bli med på UKM-workshop Workshop er eigne aktivitetskurs i regi av kommunen og UKM for barn og ungdom mellom 10-18 år. 12.01.2024 Har du sendt innsynskrav i perioden 07.- 11.januar? I såfall må me be om at du sender den på nytt grunna ein teknisk feil hos leverandør. 11.01.2024 Konsert med Stig Ulv Velkommen til konsert i Granneheimen på fredag 12.januar, klokka 18.30. 10.01.2024 Nasjonal varslingsprøve Onsdag 10. januar 2024 vert det test av Naudvarsel på mobil og på Sivilforsvaret sitt varslingsanlegg over heile Norge. 08.01.2024 Nytt om Masfjordsambandet Vestland fylkeskommune har løyvd 40 mill.kr. i økonomiplanen for 2024-27 til vidare arbeid med Masfjordsambandet, jf. vedtak i fylkestinget 13.12.23. 03.01.2024 Sandneskafeen inviterer til bokbad med Gunnar Staalesen og Nils Kvamsdal I haust kom Gunnar Staalesen med sin til no siste roman; Forfulgt av død. I denne boka er all dramatikken lagt til Masfjorden, og 19. januar vert det bokbad på Sandneskafeen. 02.01.2024 Tusen takk for fantastisk givarglede I år blei det for første gang arrangert julegåveinnsamling i Masfjorden. Mottakere er familiar i kommunen som i år hadde behov for støtte inn mot julehøgtida. 21.12.2023 Informasjon frå Masfjorden legekontor Det vert ein del endringar i tida framover. Her finn du informasjon om det du treng å vite når det gjeld legekontoret i vekene som kjem. 21.12.2023 Skogdag Stad: Indre Haugsdal 204, Matredal Når: Onsdag 3. januar kl. 10.00. 16.12.2023 Fv5442 mellom Krokevatnet og Hestfossen er vinterstengt Oppdatert: Fv5442 mellom Krokevatnet og Hestfossen er no vinterstengt. Vurderinga om stenginga er gjort utfra meldte værforhold og at det i helga gjekk eit skred i området. 16.12.2023 Kunngjering av godkjent interkommunal plan for sjøsona i region Nordhordland Masfjorden kommunestyre har i møte den 26.10.2023 i sak 076/23 vedteke Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland, planid 2021003. Planen trer i kraft den 01.01.2024. 15.12.2023 Svein-Bakar heidra for lang og tru teneste Svein Åge Sandnes er tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vels Medalje for lang og tro tjeneste. 15.12.2023 Kommunedelplan for drikkevatn og avlaup Høyring: Kommunedelplan for drikkevatn og avlaup i Masfjorden kommune 2023 – 2034 – til offentleg ettersyn. Frist for tilbakemelding er 30.januar 2024. 13.12.2023 Biblioteket i jula Her finn du opningstidene i jula. 12.12.2023 Ei god jul for alle Ønskjer du å bidra? No har me fått inn julegåveønskjer. 07.12.2023 Frist for å søkja sosialhjelp før jul og nyttår Søknadsfrist for å søkja krisehjelp før jul er fredag 22. desember kl 11:00 . 04.12.2023 Nytt system for feilmeldingstjenesten på Veilys Eviny Solutions endrer system for feilmeldingstjenesten på Veilys og har derfor en ny lenke til kart for innmelding av feil. 01.12.2023 Ei god jul for alle Vil du vere med å bidra til at barn i familiar som har økonomiske utfordringar får ei fin jul? Eller ønskjer du kanskje å motta gåve eller gåvekort i lokalbutikken? 30.11.2023 Velkommen på julekonsert! Også i år inviterer kor, korps og andre til dei tradisjonsrike julekonsertane. 30.11.2023 Forlenging av stenging av Risnes bru Vestland fylkeskommune har i dag orientert kommunen om at Risnes bru vil verta steng fram til 22.12.2023 klokka 16:00. 29.11.2023 Lokalmønstring - UKM Nordhordland UKM Nordhordland arrangerar UKM laurdag 3.februar på Leknes barneskule i Alver Kommune. 27.11.2023 Covid-19 er ikkje lenger ein allmennfarleg smittsam sjukdom Det er vedteke ei endring i forskrift om allmennfarlege sjukdomar, som då fjernar covid-19 frå sjukdomslista. I tillegg er covid-19 – forskrifta no oppheva. 27.11.2023 Nytt sakssystem i kommunen I dag, 20. november byter vi system for sakshandsaming, arkiv og politiske møter. 20.11.2023 Kunngjering - utlegg av årsbudsjett 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024-2027 Offentleg ettersyn årsbudsjett 2024 med handlingsplan og økonomiplan 2024 – 2027 for Masfjorden kommune ~ Frist for tilbakemelding med merknader er 1.12.2023 klokka 16.00. 17.11.2023 Kunngjering av framlegg Kunngjering av framlegg til mindre reguleringsendring av reguleringsplan for Liarinden i Masfjorden kommune. Frist for å sende merknad på saka er 30.12.2023. 17.11.2023 Felles informasjon om overgang til nytt sakssystem Frå og med 20.11.23 skal kommunane i vårt IKT drift- og digitaliseringssamarbeid ta i bruk nytt sakssystem for eByggesak, generell saksbehandling og møtebehandling. 10.11.2023 Kommunestyret 2023-2027 Torsdag kveld den 26.oktober vart det halde konstituerande kommunestyremøte i Masfjorden. 27.10.2023 Vegstenging vidare - Austfjordvegen - stengt i periodar av dagen Arbeidet i Austfjordvegen er framleis ikkje ferdigstilt. 26.10.2023 Asfalteringsarbeid langs Austfjordvegen ❗️Asfalteringsarbeid langs Austfjordvegen i perioden 23. – 27 oktober 2023 23.10.2023 Varsel om kraftige vindkast fredag og lørdag Det er sendt ut oransje farevarsel og meldt om kraftige vindkast fra aust som gjeld for indre delar av Hordaland. 20.10.2023 Stenging av Risnes bru Stenger Risnes bru frå 25.10 til og med fredag 15.12.23. 13.10.2023 Drop-in sesongvaksinering hausten 23 Folkehelseinstituttet (FHI) har komt med vaksinasjonsanbefalingar, og vi ynskjer høg vaksinasjonsdekning i kommunen vår. Det blir tilbod om influensavaksine, koronavaksine, og pneumokokkvaksine. 12.10.2023 Jegerprøvekurs veke 44 og 45 Alle som er fylt 16 år, og som ikkje er registrerte i Jegerregisteret, må bestå jegerprøven før dei kan utøva jakt, felling eller fangst. 11.10.2023 VELKOMMEN TIL DROP IN PÅ HELSESTASJON FOR UNGDOM (HFU) I haustferien vert det opna for drop-in timar på HFU for ungdom mellom 13-22 år. 06.10.2023 Eldreprisen til Haldis Haldis Margot Ulvatn er tildelt Eldreprisen 2023. Ordførar Karstein Totland delte på vegne av Eldrerådet ut prisen på Eldrefesten 2. oktober. 03.10.2023 Informasjon om fastlegesituasjonen Rolf Martin Tande sluttar som fastlege ved kommande årsskifte. 25.09.2023 Koronavaksinering Det blir koronavaksinering på Masfjorden helsestasjon tirsdag 26.09.2023. 22.09.2023 Fylkesveg 5442 vert steng Fylkesveg 5442 Stordalsvegen ved Langvasselva bru vert stengt i perioden 25. september - 6 oktober 2023. 18.09.2023 Presentasjon av utkast/skisse til reguleringsplan for Botneneset Presentasjonen viser utkast og skisser som selskapet ABO Plan & Arkitektur AS presenterte på folkemøtet på kommunehuset den 6 september. Frist for tilbakemeldingar er 25.09.23. 15.09.2023 Invitasjon til eldredagen 2023 Vedlagt finn de invitasjon til årets eldredag. 15.09.2023 Resultat kommunevalet 2023 God oppslutning rundt kommunevalet. Vedlagt finn de møtebok med resultat. 13.09.2023 Søknadsfrist på barnehageplass Søknadsfrist på barnehageplass frå 1.januar 2024 nærmar seg. 11.09.2023 Valdagen 2023 Mandag 11.september er det valdag. Her kan du lesa om kor og kortid du kan stemma. 10.09.2023 Verdsdagen for sjølvmordsførebygging Vis at du ser. Vis at du lytter. Vis at du bryr deg. 10.09.2023 Miljøfyrtårn Reknes Byggjevarer LL og Haugsvær Auto AS er vorte sertifiserte miljøfyrtårnbedrifter. 07.09.2023 Trafikksikker kommune Onsdag 06. september erklærte representantar frå Trygg Trafikk, Masfjorden som trafikksikker kommune. 06.09.2023 Redusert kapasitet Det blir dessverre redusert kapasitet på helsestasjonen og i skulehelsetenesta dei neste vekene. 04.09.2023 Folkemøte om reguleringsplan Det vert folkemøte om reguleringsplan for Botneneset på Sandnes, onsdag 6.september. Møtet vert halde i kommunestyresalen på kommunehuset, klokka 19.00 - 21.00 28.08.2023 Informasjon som gjeld utskifting av Kleivhølen bru Fv 5442 S2D1 m5442-5640 Stordalsvegen ved Kleivhølen bru startar Mesta arbeidene 14.08.2023 og er planlagt avslutta 22.09.2023. 25.08.2023 Haustrydding No nærmar det seg årets store haustrydding med NGIR. 23.08.2023 Arbeid på Risnes bru No startar arbeidet med vedlikehaldet av brua på Risnes. I første omgang vil brua vera heilt stengt i perioden frå måndag 21. august kl. 09.00 til fredag 25. august kl. 16.00. 17.08.2023 Sommarkonsert i Solheim kyrkje På denne sommarlege konserten høyrer vi fransk, norsk og ukrainsk musikk. Velkommen på konsert 19.august klokka 19.00. 15.08.2023 Kulturaktivitetar August er ein travel månad for den kulturinteresserte. 14.08.2023 Minikonsert med Bjørn Schille Gitarvirtuosen Bjørn spelar hybridgitar, dvs bassgitar og gitar kombinert. Kom å opplev musikken hans i Kvamsdals fargeri på søndag 13. august klokka 15. 11.08.2023 Problem med elektroniske skjema Kommunen er i sluttfasen av eit prosjekt der me går over til eit nytt system for elektroniske skjema. I ein overgang har me no problem med lenkene på heimesida. 09.08.2023 Dagland-konsert utsett! Konserten med Dagland i Snikkarbua førstkommande laurdag 12.august vert utsett. 08.08.2023 Konsert med Dagland Dagland tek turen til Masfjorden og Snikkarbua på Kvingo. Dette er ei musikalsk storhending du ikkje må gå glipp av! 02.08.2023 Haustferie frå Blå Kors ferier Blå Kors ferier er eit gratis, rusfritt ferietilbod for familier som har rusavhengigheit, psykiske utfordringar, eller lavinntekt tett på livet. Tilbodet gjeld for familier med born i alderen 0-18 år frå heile landet. 24.07.2023 Koronavaksiner Har du ikkje fått alle dosane med koronavaksiner? Du har endå moglegheit. 20.07.2023