HjemNyhendeSigrid Moldestad til Masfjorden

Sigrid Moldestad til Masfjorden

Set av måndag 29.april. Då vitjar Sigrid Moldestad Masfjorden og Kvamsdals fargeri med solo-konsertframsyninga «Med kjærleik frå Breim». Det er lagt ut 60 billettar til konserten, så her gjeld det å vera om seg

 

Billettar kjøper du her: 

Sigrid Moldestad kjem til Masfjorden

 

Les om framsyninga her:  

Tittel: Sigrid Moldestad - "Med kjærleik frå Breim"

Undertittel: Felefortellingar, poesi og song

 

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlege historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og feleforteljingane ho har med seg. 

 

Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling. Enten det er folkemusikk eller eigne tekstar og songar.  Ho har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: "Regndråpeborna" med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, og folkemusikkplata "Breim". Ho fekk Spellemannsprisen for den første soloplata si "Taus" i 2007 som handla om musikk etter kvinnelege felespelarar på Nord-Vestlandet.  Har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt. Ho har også investert mykje tid i prosjektet "Pederhuset" i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.  


Sist oppdatert: 08.04.2024
Publisert: 22.02.2024