Svein-Bakar heidra for lang og tru teneste

Svein starta si verksemd i august 1986, då 21 år gamal. Han starta med to sortar, og har i dag over 10 forskjellige typar brød som han leverer ut til butikkane i distriktet. I tillegg til å levera ut rundt 3000 brød kvar veke har han rundstykke, bollar, kaker og både pølse- og hamburgarbrød.


Overraska med medalje

Lørdag 9.desember vart Svein overraska på Fjorden cafè, og vart då tildelt
Det Kongelige Selskap for Norges Vels Medalje for lang og tro tjeneste.
Dette er ein medalje ein kan ta i mot dersom ein har jobba hos same arbeidsgivar i minst 25 år, i minst 50% stilling og hatt eit «uklanderleg tenesteforhald».
Det var ordførar Erlend Kvamsdal som overrekte medaljen, og under kan du lesa utdrag av talen denne dagen:



Svein-Bakar og ordførar Erlend Kvamsdal
Stas med medalje: Svein Åge Sandnes fekk tildelt medalje for lang og tru teneste. Her saman med ordførar Erlend Kvamsdal. 

Det ligg utruleg mykje arbeid bak det å driva bakeri. Ugunstige arbeidstider med nattarbeid, og høgsesongen er når alle andre tek ferie. Det har oppover vorte fleire utfordringar, blant anna straumbrot. Men brøda skal alltid ut. Det har butikkane sett pris på, og er trufaste kundar.
Svein har vore ein viktig arbeidsgjevar i bygda (…) Han oppfattast som ein sjef med stort pågangsmot og godt humør, og dei tilsette beskriv han som ein heidundrandes god sjef. Ja, han har framleis ei tilsett som starta i jobben i 1988, og det seier jo sitt. (utdrag frå tale til Svein Åge Sandnes)


Sist oppdatert: 15.12.2023
Publisert: 15.12.2023