Risnes bru blir stengt 19.–20. mars

Varselet gjeld: 19.03–20.03

Arbeidet som skal gjerast på brua er

  • fuktisolering
  • asfaltering
  • vegmerking


Mjuke trafikantar kan ikkje passere brua medan arbeidet går føre seg. Alle trafikantar må køyre rundt om Sleire.

Vi ber trafikantar generelt og lastebiltransport spesielt om å bruke 175.no og heller bruke E39 som omkjøringsvei, fordi den lokale omkøyringsvegen primært er for mindre bilar.

Arbeidet er avhengig av både temperatur og lite fukt. Vi tek difor eit lite vêrforbehold for at arbeidet skal kunne gjerast med rett kvalitet.

 

Tekst: Vestland fylkeskommune


Sist oppdatert: 16.03.2024
Publisert: 16.03.2024