Konsert med Stig Ulv

Ein konsert med Stig Ulv er ei blanding av musikk, dikt og bilete. Tek du turen på konsert vil du garantert få ei kjenslelada oppleving i form av anten latter eller tårer.

Dette er artisten som ikkje tek seg sjølv høgtidleg og verkeleg byr på seg sjølv. I 11 år har han reist land og strand med gitarane sine og skapt ulike stemningar med inspirasjon i frå både pop-, vise- og jazz-sjangeren.Stikkordet er nynorsk instrumentalmusikk og nynorsk instrumentallyrikk. Han har tidlegare gitt ut sju plater og éi bok. No er han ute med boka Gitardikt og plata Horgitarar.

Kom og la deg overraske på konsert, i stemningsfulle lokale på Kvingo! Me serverer kaffi, te, pizzasnurrar og vaflar.

Konserten er eit samarbeid mellom Masfjorden folkebibliotek og Granneheimen på Sør-Kvingo.

Arrangementet er gratis.


Sist oppdatert: 10.01.2024
Publisert: 10.01.2024