HjemNyhendeWhat It Is - A tribute to Dire Straits & Mark Knopfler på Sandneskaféen

What It Is - A tribute to Dire Straits & Mark Knopfler på Sandneskaféen

Det er eit begrensa tal på billettar for sal, så her må alle som er glad i god musikk vere om seg - førstemann til mølla. Billettar kjøper du på hoopla.no

What It Is er eit tributeband som med den aller, aller største ærbødighet tek på seg oppgåva med å framføre dei nydelege klassikarane til Mark Knopfler og Dire Straits! 

 

Bli med karane på ein musikalsk rundtur i Mark Knopfler sitt univers! Frå Dire Straits klassikarane Down to The Waterline,Tunnel of Love og Money For Nothing til Knopfler’s Sailing To Philadelphia og What It Is. I halvannan time kjem godbitane på løpande band, her vil du garantert kjenne det i rockefoten. 

 

Til denne konserten er det ekstra kjekt å melde at karane i What It Is har med seg den fantastiske saksofonisten Paul Fawcus - for å få den rette «Dire Straits sounden». 

What it is - plakat til konsert på Sandneskafeen

Gitar og vokal : Henning Hodne Mjanger

Gitar og vokal : Åsmund Kvinge 

Bass : Geir Dahle 

Trommer : Brynjar Mjanger Eide 

Tangenter: Arnt Thyve 

Saksofon : Paul Fawcus 

 

Lenkje til Facebook-sida vår: https://www.facebook.com/localheroesatribute/ 

 

Konserten er eit samarbeid mellom Sandneskaféen og Masfjorden kommune. 

 

Velkommen!


Sist oppdatert: 02.04.2024
Publisert: 02.04.2024