Ei god jul for alle

Dersom du ønskjer å motta gåve til barnet ditt, eller gåvekort på mat kan du melda interesse til frivilligkoordinator Kristin Kvamme Rasch (90104139) eller helsesjukepleiar Laila Mjånes (48480646) innan 6.desember. Det er fint om du skriv om du ønskjer gåve (alder og kjønn på barnet) eller gåvekort på din lokalbutikk. 

Ønskjer du å gje ei julegåve? 

Frå 8.desember kan du besøkja ein av innleveringsstadane, der finn du merkelappar slik at du kan kjøpa riktig type gåve. Frist for å gje gåve er 13.12.2023. Det er fint om de då merker gåva, slik at me veit kven den er tenkt til.

Me tek i mot gåver på desse stadane: 

Masfjorden frivilligsentral, Hosteland                  13.12.23 - kl. 12:00 - 17:00 
Kommunehuset, Masfjordnes              8.12.23 - 13.12.23 - kl. 09:00 - 15:00
Joker Haugsvær / Bua                         8.12.23 - 13.12.23 - kl. 12:00 - 17:00
Kvingo nærbutikk                                                              8.12.23 - 13.12.23
Fjorden kafe i Fensfjordbygg (under juletreet)       Opningstid: 11:00 - 18:00 


Sist oppdatert: 30.11.2023
Publisert: 30.11.2023