Nasjonal varslingsprøve

Varslinga vert sendt ut av politiet rundt klokka 12.00 på onsdag, noko som betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og sende ut eit høgt lydsignal. 

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som befinn seg i Norge, samt er kopla på 4G/5G kan motta testen. 

Mobil med naudvarsel

Slik kan varselet sjå ut. Snakk med dine nære, slik at alle er forberedte på at dette berre er ein prøve. Illustrasjonsfoto, dsb. 

 

Hugs å oppdatera telefonen din, slik at du har den nyaste programvaren frå mobiloperatøren. Dersom det er lenge sidan forrige oppdatering kan det hende du ikkje kan motta varselet. 

Ønskjer du ikkje å få varselet må du setje mobilen i flymodus eller skru den heilt av i tida rundt varslinga. Varselet overstyrer innstillingar som lydlaus, lav lyd, dempa varsling og lignande. 

Kvifor testing? 

Naudvarsling på mobil vert testa både for å gjere befolkninga kjend med korleis tenesta fungerar reint praktisk, samt å sikra at systemet virkar slik det skal. 

I ein reell situasjon inneheldt eit naudvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du må gjera for å beskytta deg sjølv. 

Varselet lagar mykje lyd, spesielt dersom ein befinn seg i eit lokale med mange andre med mobilar. Difor er det fint om ein snakkar om dette i forkant, spesielt med eldre og barn som vil kunne motta varselet - slik at også dei veit at det berre er ein test. 

Dette skjer på onsdag: 

  • Testen vert utløst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 10. januar 2024.
  • Testen vil føra til at telefonen din vibrerer og speler av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekundar. 
  • Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test. 
  • Du kan "dra vekk" teksten, eller fjerne den ved å trykke OK, - litt avhengig av kva type telefon du har. 
  • Teksten i varselet kjem i to språkversjonar, ein norsk og ein engelsk. Innstillingar på telefonen din avgjer kva språk du får opp. 

Sist oppdatert: 08.01.2024
Publisert: 08.01.2024