HjemNyhendeEi god jul for alle

Ei god jul for alle

Me har merka julehjarter med gut eller jente og alder. 

Julehjarta heng no på juletre eller ligg i ei korg på mottaksplassane.

Ønskjer du å gje ei julegåve, kan du ta med eit hjarte og komme tilbake med pakke som passer informasjonen på hjartet.

Heng hjartet på julegåva, slik veit me kven pakken er tenkt til. 

Har du ikkje anledning til å hente eit hjarte, kan du kontakte Kristin Kvamme Rasch (901 04139) så vert det formidla kva julegåve som trengs.


Frå 8.desember kan du besøkja ein av innleveringsstadane, frist for å gje gåve er 13.12.2023.

 

Me tek i mot gåver på desse plassane:

Kommunehuset, Masfjordnes              8.12.23 - 13.12.23 - kl. 09:00 - 15:00
Joker Haugsvær / Bua                         8.12.23 - 13.12.23 - kl. 12:00 - 17:00 (hjarta ligg i ein kasse)
Kvingo nærbutikk                                 8.12.23 - 13.12.23
Fjorden kafé i Fensfjordbygg (under juletreet)       Opningstid: 11:00 - 18:00 


Sist oppdatert: 07.12.2023
Publisert: 07.12.2023