HjemNyhendeSøknad om SFO for 2024/2025

Søknad om SFO for 2024/2025

Når ein har skulebarn går kommunikasjon frå rektor/skule ut via appen Visma Minskole. I appen er det no lagt til ein ny lenke inn til foresattportalen. 
I foresattportalen kan du søkje, endre og seie opp SFO plass. 

Frist for å søkje SFO plass for skuleåret 2024/25 er 1.mars 2024. 

I foresattportalen kan du og søkje om permisjon for ditt barn når det gjeld fråvere på meir enn to dagar. Dersom det gjeld fråvære på mindre enn to dagar, er det kontaktlærar som behandlar dette. Fråvere på mindre enn to dagar registrerer du i god tid i appen slik som tidlegare. 

Nytt skulebarn? 

Dersom det er første barnet ditt som skal begynne på skulen må du altså lasta ned appen Visma Minskole. Ein må då velgje riktig kommune, før ein loggar inn ved hjelp av bank ID. 

Dersom du har spørsmål ta gjerne kontakt med rektor på skulen du høyrer til. 
Informasjon om skulane samt kontaktinformasjon finn du her. 


Sist oppdatert: 09.02.2024
Publisert: 09.02.2024