HjemNyhendeInformasjon frå Masfjorden legekontor

Informasjon frå Masfjorden legekontor

1. Januar 2024 vil Kommuneoverlege Rolf Martin Tande gå ut i permisjon. Når permisjonen er avslutta, sluttar han i stillinga si ved Masfjorden legekontor.

Marita Terese Bru vil frå 1. Januar ta over som kommuneoverlege. Ho vil forsette å ha si pasient liste som den er.

Pasientar som står på Rolf Martin Tande si liste, får ny fastlege når denne vert tilsett. Fastlegelista til Tande vil vere utan lege medan ein arbeidar med rekruttering av ny lege. Ein vil høyre til Masfjorden legekontor, og få naudsynt hjelp. I perioden ein ikkje har fått lege tilsett, vil me gjere dykk oppmerksam på at det kan bli noko lenger ventetid på ordinære timar.

 

Dersom du er usikker på kva fastlegeliste du tilhøyrar kan du finne informasjonen ved å logge inn på HelseNorge.no.


Om du har fastlege ved eit anna legekontor er det viktig at du nyttar den. Fastlegen er den som har best informasjon om deg, og kan utøve best mogleg hjelp for deg.

For dei som ikkje har fastlege ved kontoret og oppheldt seg i kommunen, hjelper Masfjorden legekontor ved akutt behov for helsehjelp.

Nytt journalsystem

Masfjorden legekontor skal oppgradere journalsystemet. Dette medfører at legekontoret vil stenge tidlegare 18. Januar og halde stengt 19. Januar.


18. Januar: stenger kl. 13:30.

19. Januar: Stengt heile dagen.

 

Treng du legetilsyn den tida legekontoret er stengt kontakt Nordhordland legevakt på tlf. 116117. Er det akutt ring 113.

 

Ynskjer dykk alle ei riktig God Jul og eit Godt Nyttår

 

Med vennleg helsing Masfjorden legekontor.


Sist oppdatert: 21.12.2023
Publisert: 21.12.2023