Kommunedelplan for drikkevatn og avlaup

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 04.12.2023 i sak 116/2023 gjort vedtak om å leggja framlegg til kommunedelplan for drikkevatn og avlaup for Masfjorden kommune 2023 – 2034 ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova sin § 11-14.

 

Plandokument

Det vert vist til følgjande vedlagde plandokument som utgjer kommunedelplanen, og som ein finn lenker til nedunder.

• Del 1- Strategisk del:

Med overordna føringar, status, målsettingar mm. Dette dokumentet er statisk og skal være gjeldande for heile planperioden.

• Del 2 – Operativ del:

Med tiltaksplan med tilhøyrande investeringar som skal oppdaterast  jamleg gjennom planperioden. Tiltaksplanen kan dermed reviderast basert på endra føresetnad, endra kunnskapsgrunnlag, eller endra prioriteringar og framdrift.

 

Notat Klimaendringar og klimatilpassing (pdf) 
Notat Geofysiske og hydrogeologiske forundersøkselser sør for Tangedalsvatnet (pdf)
Kostnadskalkylar for tiltak i Masfjorden vassverk (pdf)

 

Kommunen ber om at eventuelle merknader til plandokumenta kjem oss i hende innan 30. januar 2024, og at desse vert sendt til post@masfjorden.kommune.no, eller til
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.

 

 


Sist oppdatert: 13.12.2023
Publisert: 13.12.2023