Kulturskulen er ute med ny cd

Rundt påsketider kan du høyra alle dei 30 innspelingane på Spotify om du søker Masfjorden kulturskule.

Utgjevinga har fått tittelen « Terningkast 6!» så det skulle borga for kvalitet.

Og her er det mange godbitar! Du kan høyra alt frå sjarmerande nybegynnarar til rutinerte vidarekomne elevar. Ungdommane på Masfjorden bu– og aktivitetssenter har og bidrege med
fleire innslag.


Alle innspelingane er gjort i studioet til kulturskulelærar Jon Martin Skauge dei to siste åra.

- For meg er det eit privilegium å få besøk av elevar i studioet. Elevane lærer utruleg mykje av å arbeida i studioet, høyra seg sjølv og bli «konfrontert» med sine eigne innspelingar, fortel Jon Martin. 
- Eg trur elevane synest det er stas å vera her, at dei har eit slikt konkret mål å arbeida mot. Nesten slik at dei ikkje vil gå når dei er ferdige. Og sjølv lærer eg mykje av arbeidet, både gjennom korleis eg best kan rettleia dei, i tillegg til arbeidet med sjølve produksjonen. Å ferdigstilla kvar innspeling er givande, men også tidkrevjande arbeid, seier han.

 

Elevane i kulturskulen i Masfjorden er heldige som har eit slikt tilbod!
Håpar du likar det du høyrer!

 

Helsing kulturskulen


Sist oppdatert: 08.04.2024
Publisert: 08.04.2024