Fv5442 mellom Krokevatnet og Hestfossen er vinterstengt

Det vart meldt at vegen vart stengt på grunn av krevjande forhold den 16.12.2023. Det vart då skissert at vegen skulle opnast att søndag 17.desember. 


Det var ikkje heile vegen som vart stengt, men den delen som var tenkt vinterstengt frå 31.12.2023.

Vegen mellom Matre og Stordalen er open, men ein kan ikkje kjøre over til Bjørdal i vinter. Den strekninga er altså no vinterstengt. 


Sist oppdatert: 20.12.2023
Publisert: 16.12.2023