Velferdsteknologi

Dette er ein del  av tenestetilbodet til innbyggjarane . Velferdsteknologi vert tildelt utifrå søknad om tenester og ei kartlegging av den einskilde sine behov og ressursar.  

Dei ulike løysingane kan være eit viktig supplement og hjelpemiddel til eit meir sjølvstendig liv for personar i alle aldersgrupper, både for heimebuande og på institusjon. Ved hjelp av teknologien kan ein varsle sjølv,  eller det blir varsla automatisk når det skjer ei uønskt hending.

Tryggleiksskapande teknologi i form av tryggleiksalarm med ulike sensorar

I tillegg til ordinær alarmknapp, som ein kan bære med seg rundt hals eller på arm kan det knytast til ei rekke sensorar. Det kan til dømes være sensor som varslar ved røykutvikling og brann. Det finns og  sensorar som varslar  når nokon går ut av heimen i form av ein døralarm og rørslesensor som registrerer om nokon er inne i eit rom. Det finns og sengematte som registrerer om nokon kjem tilbake etter ei viss tid.

Lokaliseringsteknologi

Dette er ein mobil tryggleiksalarm  med GPS teknologi. Ved bruk av denne alarmen kan  personar med fare for å gå seg bort eller har vanskar med å finne heim bli lokalisert og funne av pårørande eller helsepersonell. Mobil tryggleiksalarm kan og  nyttast utan GPS  og aktuell for t.d  personar med fallfare,  som er mykje ute på tur .

Medisineringsstøtte

Dette er ein elektronisk dosett, som varslar når det er tid for å ta medisin. Dersom ikkje medisinen vert tatt, går det eit varsel til helsepersonell eller pårørande.  Medisineringstøtte kan medverke til å sikre at medisin vert tatt til rett tid.

Digitalt tilsyn i form av kamera

Dette er kamera som kan varsle ved uønskt hendingar etter individuelle innstillingar. Kamera kan varsle ved t.d fråvær i seng og rom, høge lydar, oppreist i seng. Det er mogleg med tovegs tale og sjekk av situasjonar i form av lyd og  bilde. Slik løysing kan medverke til å skape tryggleik for dei som ikkje kan varsle sjølv ved uønskte hendingar,  medverke til meistring, fridom ved å ikkje bli unødig forstyrra og betre søvnkvalitet.

Andre velferdsteknologiske løysingar 

KOMP  Pro

Dette er ein skjerm som er enkel å handtere, med berre på og av knapp. Består av ein familiedel til bruk for kommunikasjon med familiemedlemmer og ein profesjonell del til bruk for kommunikasjon med kommunale tenester.

KOMP

Er ein skjerm med på og av knapp. Inntil 10 familiemedlemmer kan knytast til via ein Family app som lastast ned. Eit familiemedlem vert administrator og gjev tilgangar til andre familiemedlemmar. Komp kan ta imot bilete, tekstmeldingar og videosamtalar og er eit lukka sosialt nettverk for familie. Dette er ei løysing brukarar kan få teste ut og leige ei tid, men som brukar må skaffe seg sjølv. 

Slik søkjer du

Kva kostar det?

Pris for tryggleiksalarm og velferdsteknologi vert regulert årleg i kommunen.
Velferdsteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp.

Kva får du?

  • Teknologi som medverkar til å skape tryggleik, meistring og fridom i eige liv.
  • Opplæring og informasjon om korleis teknologien fungerer.
  • Låne nøkkelboks, slik at helsepersonell kan hjelpe deg når du sjølv ikkje kan låse opp.

Krav til søkjar 

Overordna

  • Du må bu i Masfjorden kommune
  • Det må være mobildekning der du bur.
  • Du må behov for helse- og omsorgstenester og fylle kriteriar for tildeling av tiltaket.
  • Samtykkekompetanse og brukarmedverknad ligg til grunn for all tildeling.

Kva skjer vidare?

Ved søknad om helse- og omsorgstenester vil me prøve å svare deg innan 4 veker. Dersom me ikkje klarer det vil me ta kontakt og melde frå kor lang tid det vil ta.
Me vil ta kontakt med deg, dersom me treng fleire opplysningar eller ynskjer å koma på heimebesøk.

Masfjorden kommune deltek i interkommunale velferdsteknologiprosjekt. Her finn du meir informasjon om dette (ehelsevestland.no)


Sist oppdatert: 15.12.2021
Publisert: 15.12.2021