Verdsdagen for sjølvmordsførebygging

10. september er den internasjonale verdsdagen for sjølvmord. Dagen vert markert over heile verda, og set fokus på årsaker til, og førebygging av sjølvmord.

Verdsdagen for sjølvmordsførebygging

10. september kvart år vert det set fokus på sjølvmordsførebygging. Bildet er henta frå organisasjonen Leve. 


Dei fem siste åra har gjennomsnittleg 648 menneske teke sitt eige liv i Norge. (kjelde FHI)
Ved kvart enkelt sjølvmord vert det anslått at det står rundt ti nære etterlatne og berørte tilbake, som vil oppleva større belastning over dødsfallet enn ved eit venta dødsfall.


Sjå film frå Leve
Det finnes ikkje noko systematisk registrering av sjølvmordsforsøk i Norge, men helsetenesta behandlar mellom 4000 og 6000 sjølvmordsforsøk årleg.

Tala er usikre, og er henta frå Helsedirektoratet. (Om selvmordsforsøk - Helsedirektoratet)

Kva kan ein gjere om ein opplever sjølvmordstankar?

Ein kan ta kontakt med fastlege, helsetenesta, legevakt eller andre stader der ein møter helsepersonell. Om ein ikkje er klar for å snakke med helsetenesta kan du snakke med ein venn eller andre du stoler på. Ikkje ver redd for å dele mørke tankar. (Har du selvmordstanker? - Helsenorge)

Kva kan ein gjere dersom ein er bekymra for nokon, med tanke på sjølvmord?

Våg å bry deg! Det kan vera vanskeleg og ubehageleg å snakke om sjølvmordtankar, men det er ikkje farleg. Det å snakke om sjølvmordstankar kan faktisk redde liv. (Er du redd noen du kjenner skal ta selvmord? - Helsenorge)

Har du opplevd at ein nær deg har teke sitt eige liv?

LEVE er landsforeninga for etterlatne ved sjølvmord er ein landsdekkande organisasjon. Dei jobbar for å støtte etterlatne og berørte ved sjølvmord, og bidra til å forebygge sjølvmord gjennom openheit, opplysningsverksomheit og politisk arbeid. (LEVE - Landsforeningen for etterlatte etter selvmord) Her kan du finne mykje hjelp og støtte.

 

Kontakt:

Akutt sjølvmordsfare: 113
Mental Helse : 116 123
Kirkens nødhjelp : 22 40 00 40
Kors på halsen : 800 33 321

Aktuelle nettsider:

Masfjorden kommune - Masfjorden psykiske helseteneste
LEVE - Landsforeningen for etterlatte etter selvmord
World Suicide Prevention Day 2023 (who.int)

 


Sist oppdatert: 10.09.2023
Publisert: 10.09.2023