Masfjorden psykiske helseteneste

Kontaktinformasjon psykisk helse

Besøksadresse:
Fensfjordvegen 615, 2. etg.
5986 Hosteland

Postadresse:
Fensfjordvegen 615,
5986  Hosteland.

Monica Rongved, spesialsjukepleiar
mobil - 408 01 647
monica.rongved@masfjorden.kommune.no

Maria Halland Eide, sjukepleier
mobil - 453 27 191
maria.halland@masfjorden.kommune.no

Om tenesta

Tenesta er gratis og er meint for menneske både med moderate eller meir alvorlege psykiske utfordringar og lidingar.

Kommunen tilbyr psykisk helsehjelp til barn, vaksne og pårørande. Mange slit med angst , depresjon , søvnvanskar og uro i ulike fasar i livet. «Sjølvmedisinering» med ulike former for rus (alkohol, piller, mat) blir ofte tydd til når ein desperat prøver å lindre eller døyve plagene sine. Når slike plager held fram og fører til nedsett livskvalitet, kan det vere lurt å søkje råd eller hjelp.

Alle menneske vil i løpet av livet oppleve motgang og kriser av ulik grad. Mange søkjer hjelp og opplever god støtte hjå venner og familie, men ofte kan desse vere langt unna eller «ha nok med seg sjølv»

Terskelen for å kontakte psykisk helseteneste skal og bør ikkje vere høg. Det er god eigenomsorg å ta i vare si psykiske helse på linje med den fysiske! Og så veit me at psykiske plager ofte fører til stress og fysiske vondter - og motsett; at det å ha fysisk sjukdom får psykiske konsekvensar.

Vi jobbar i utgangspunktet med samtaleoppfølging på ulike måtar. Du kan ta kontakt direkte med psykisk helseteneste i Masfjorden kommune, eller gjennom andre kommunale tenester, dersom du har kommunale kontakter. 
Tenesta er tilgjengeleg frå klokka 08.00 - 15.30 på kvardagar. 
Tenesta kan ytast ved telefonsamtalar, på kontor hjå psykisk helse (Hosteland, Matre, Masfjordnes) heime hjå brukar eller anna passande stad. 
Om ein har akutte behov på ettermiddag, natt eller helg må ein kontakte Nordhordland Legevakt. 

Vi har ei spesialsjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, og ei som er sjukepleiar som arbeider i psykisk helseteneste i kommunen. Vi samarbeider tett ved behov med andre kommunale avdelingar som legetenesta, pleie- og omsorgstenesta, helsesjukepleietenesta, nav mm. 

Lovheimel for tenesta

Kommunal psykisk helseteneste er heimla i helse- og omsorgstenestelova (lovdata.no)
                  Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-2 første ledd nr.5

Kommunalt psykisk helsetjeneste omfattar også Folkehelselova. 
                   Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) 

Kva kan psykisk helseteneste tilby?
  • Samtale-behandling
  • Kartlegging og utgreiing
  • Rettleiing
  • Støtte-samtalar til pårørande innan rus og psykiatri
Korleis ta kontakt?
  • Du kan ta direkte kontakt ved å ringe og gjere ein avtale på tlf 56 16 63 20
  • Du kan også velge å fylle ut dette skjemaet og sende per post:
    Førespurnad om psykisk helseteneste (pdf),
  • Anna helsepersonell som pleie- og omsorg, lege, helsesøster, fysioterapeut, ergoterapeut og nav kan også hjelpe deg med å ta kontakt.
  • Vi vil minne om at du ikkje bør sende personlege opplysningar via e-post, då dette er ein usikker metode for sending.
Peikarar til nyttig informasjon

Sist oppdatert: 13.02.2023
Publisert: 20.04.2018