HeimNyhendeNye nasjonale smittevernreglar frå 25. mars 2021

Nye nasjonale smittevernreglar frå 25. mars 2021

Masfjorden kommune oppmodar innbyggjarane om å slutte opp om dei nye nasjonale tiltaka.  

Her er tiltaka:

Nye nasjonale råd:

  • To - meters avstand til andre. Dette gjeld både innandørs og utandørs.
  • Du bør avgrense sosial kontakt til eit minimum.
  • Du bør ikkje ha meir enn to gjestar på besøk heime eller på hytta.
  • Dersom du kjem frå eit område med mykje smitte, bør du ikkje reise på overnattingsbesøk til andre eller ha overnattingsbesøk.
  • Dei som bur åleine, og barn og unge under 20 år, kan ha overnattingsbesøk av ein eller to faste vener.
  • Bruk av munnbind aller stader der du ikkje klarer å  halde to meters avstand.
  • Gjer naudsynte innkjøp der du bur så langt det er mogeleg.
  • Utset alle reiser som ikkje er naudsynte, med desse unntaka:
    Reiser til arbeid når du ikkje kan ha heimekontor.
  • Studentar som ikkje har familie der dei studerer kan reise heim til familien.
    Du kan reise på hytta med dei du bur saman med.
  • Reise til - eiga eller leigd - hytte eller fritidsbustad kan gjennomførast dersom du er særleg påpasseleg med smittevern under reisa og på feriestaden. Reis med dei du bur saman med eller tilsvarande nære, gjer innkjøpa før du reiser og hald avstand til andre under heile opphaldet. Dersom du kjem frå ein stad der kommunen tilrår å ikkje ha besøk heime – bør du heller ikkje ha besøk der du oppheld deg i ferien.
  • Dersom du bur i ein kommune med strengare tiltak, og reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak, er hovudregelen at du skal følje dei strenge tiltaka som gjeld der du kom frå.

Nye nasjonale forskriftsfesta reglar

  • Forbod mot skjenking av alkohol i heile landet.
  • Forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle.
  • Treningssenter skal halde stengt, men kan halde desse tilboda opne:
  • Tilbod til dei som er busette i kommunen.
  • Individuell trening og behandling som ein bestiller time til.
  • Symjehallar, badeland, spa-anlegg, hotellbasseng og liknande skal halde stengt, men desse tilboda er tillate:
  • Symjeundervisning i skulen, organiserte symjeturs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle.
  • Rehabilitering og opptrening individuelt eller i mindre grupper med arrangør.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod vert stengt.
  • Arbeidsgjevar skal sørge for at tilsette arbeider heimefrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogeleg.
  • Personar som returnerer til Noreg etter unødvendige utanlandsreiser må på karantenehotell i heile karantenetida. Dette gjeld frå midnatt, natt til måndag 29. mars.
  • Private samkomer - samlingar med familie og vener - på offentleg stad eller i leigde lokale bør utsetjast eller avlysast. Dersom ein likevel må gjennomføre desse gjeld denne regelen:
    Innandørs: Maksimalt 10 personar
    Utandørs:  Maksimalt 20 personar
  • Alle organiserte samlingar med arrangør bør avlysast. Dersom arrangementet ikkje kan avlysast gjeld desse reglane:
    Innandørs: Maksimalt 20 personar når det er faste, tilviste sitjeplassar.
    Innandørs: Maksimalt 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år og idrettslag frå same kommune.
    Utandørs: Maksimalt tillate med 50 personar.
    Gravferder: Maksimalt 50 personar i gravferder der det er faste tilviste plassar.

Lokale tiltak

 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 24.03.2021