Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim
Sjukeheimen opprettheldt regelen om maksimalt eit besøk pr. dag med inntil to besøkjande på bebuar sitt rom, men no utan tidsavgrensing. Utandørs kan bebuarane ta imot inntil seks besøkjande. Besøkjande må bruke munnbind.
Følgjande smittevern-reglar må ivaretakast for besøk ved institusjonen:
- Pårørande som har vore i land utafor Norden, eller har hatt symptom med feber, sår hals og hoste dei siste 14 dagane, kan ikkje kome på besøk.
- For å lette arbeidet med eventuell smitte-sporing, om smitte skulle kome inn i sjukeheimen, må det dokumenterast i pasienten sin journal og eiga besøksbok kven som har vore på besøk.
- Besøkjande må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg.
- Her som elles i samfunnet må alle halde minst ein meters avstand til tilsette og til bebuar.
- Skulle ein bebuar verte alvorleg sjuk, vil eigne reglar for besøk gjelde.
- Pårørande må avtale tidspunkt for besøk med sjukeheimen på førehand, og må vente ute til personale følgjer bebuar ut evt. losar besøk inn.
Tlf. 56166500/41617509
Velkommen til besøk under litt andre tilhøve enn vanleg.
Tekst: Rolf M. Sleire, tilsynslege og Marit Andersen Nesse, leiar Masfjorden sjukeheim
Sist oppdatert:
13.01.2023
Publisert:
26.05.2021