Praktisk bistand

Praktisk bistand

Heimehjelp er eit tilbod til innbyggjarar som treng hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonstap, eller andre årsaker.

Slik søkjer du

I vurderinga legg ein vekt på å  støtta og legga til rette for at søkjar kan meistre mest mogeleg på eigahand.

I vurderinga av trong for hjelp tek ein omsyn til:

  • Den einskilde sin mogelegheit til å klare , eller ta del i oppgåvene
  • Om det er ektefelle, familie eller andre som an ivareta eller ta del i oppgåvene
  • Om hjelp kan bidra til å unngå belastningar og skade

Dette kan du mellom anna få hjelp til:

  • Reingjering – støvsuging og golvvask av rom i dagleg bruk
  • Klesvask
  • Skift av sengekle
  • Handling
  • Andre nødvendige oppgåver for å kunne meistre å bu heime.

Kva kostar heimehjelp?

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du må betale for heimehjelpa. Oversikt over eigenbetaling helse-og omsorgstenester  (lenke til siste kommunestyrevedtak.


Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 16.12.2021