Heimesjukepleie

Heimesjukepleie vert tildelt etter ei fagleg vurdering av dei behov og den grunngjeving som går fram i ein søknad. 

Slik søkjer du

Heimesjukepleie er ei teneste for alle aldersgrupper som treng hjelp, støtte, rettleiing, behandling, pleie og omsorg.  Ved vurdering av behov legg ein vekt på å  støtta og legga til rette for at søkjar kan meistre mest mogeleg på eigahand.

Dette kan du mellom anna få hjelp til:

  • Dagleg stell
  • Å stå opp, legge seg, toalettbesøk
  • Handtering av medisinar
  • Stell av sår, stomi, kateter og anna utstyr
  • Råd og rettleiing om kosthald og helse
  • Råd og rettleiing til å meistre oppgåver sjølv
  • Tilrettelegging /hjelp til måltider
  • Prøvetaking
  • Sprøytesetting

Hjelp til sårskift, prøvetaking og sprøytesetjing  vert tildelt  i heimen for dei som av helsemessige årsaker har vanskar med å  koma seg til  legekontoret.

Heimesjukepleie er gratis.


Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 15.12.2021