HjemNyhendeStengde bibliotek med tilbod om utlån

Stengde bibliotek med tilbod om utlån

Då bestiller du ved å sende e-post til folkebibl@masfjorden.kommune.no,
eller ringe til 56166420. Melding på telefon 41556442 går og.

Om bøkene er inne, blir dei  lagde i pose med namn som kan hentast utanfor inngangen til biblioteket på Nordbygda skule måndag, tysdag, onsdag og fredag. På Matre filial kan dei hentast torsdag og på Sandnes filial måndag. Du får melding om  bøkene er inne og klare til henting. Bøkene må hentast mellom kl. 11 og 14. Fjernlån er ikkje mogeleg sidan fjernlånet  mellom biblioteka er stengt.

Dette tiltaket er i samråd med Fylkesbiblioteket som igjen følgjer råd frå Folkehelseinstituttet i høve til smittespreiing.

Minner og om andre tilbod frå biblioteket:

  • Gratis aviser/tidsskrift via Pressreader. Tilgang ved å gå inn på https://www.nordhordlandsbiblioteka.no/
  • Diverse tilbod frå nasjonalbiblioteket.no og billedbokhylla.no
  • E-bøker via appen BookBites.

Ta kontakt med biblioteket om du treng hjelp.

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand, biblioteksjef


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 15.04.2020