HjemNyhendeStenging av Risnes bru

Stenging av Risnes bru

Måndag 21. august starta arbeidet med naudsynt vedlikehald av brua i Masfjorden kommune. Fylkesveg 570 over Risnes bru vert igjen heilt stengt frå onsdag 25. oktober.

Arbeidet omfattar forsterkning av bergforankringa i aust-enden av Risnes bru. Arbeidet som tek til vil halde fram til jula 2023.

Vestland fylkeskommune har no fått på plass stenge- og gjennomkøyringstider i lag med kommunen til beste for trafikantane og lokalbefolkninga.

Vegen heilt stengt

Fylkesveg 570 over Risnes bru vert heilt stengt frå og med onsdag 25.10.23 kl. 09:00, til og med fredag 15.12.23 kl. 16:00. Ein reknar med å vere ferdig med brua til jul 2023.

Omkøyring

Bruk fv. 57 for omkøyring.
Det er svært avgrensa kapasitet på fylkesvegen om Frøyseth og Byrkjeland (fv. 5438 og fv. 5436). Vegen toler ikkje for store køyretøy og har følgjande maksimalkapasitetar:
• Maksimalt 8 tonn aksellast og 40 tonn egenvekt.
• Maksimal lengde på vogntog er 12,40 meter.

Omkøyringsvegen vil ta 15-20 ekstra minutt på reisen din. Vi rår deg difor til å leggja dette inn i planlegginga når du skal ut og køyre.

Bru for mjuke trafikantar

For at gåande og syklande skal komme over Risnes bru i byggeperioden er det montert ei mellombels bru for mjuke trafikantar. Vi ber alle om å vere varsame/forsiktige ved ferdsel på brua i anleggsperioden.

Du finn stengetider på vegrafikksentralen 175.no,
Endring av rutetidar for buss kan du sjå her.

Omkjøring, Risnes bru

Omkøyringsvegen i anleggsperioden vert om Frøyset/ Sleire.


Sist oppdatert: 18.10.2023
Publisert: 13.10.2023