HeimNyhendeNo kan du søkje om sosialhjelp digitalt i Masfjorden

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt i Masfjorden

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysningar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ynsker å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis bruka papirsøknad. Denne kan lastas ned frå vår nettstad eller du kan få den tilsendt per brev.

Meir informasjon

På menyen på www.nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon.

Økonomisk sosialhjelp (www.nav.no)

Kontakt NAV på telefon (www.nav.no)

Skriv til oss/kontakt NAV - Sosiale tenester (www.nav.no)

Søk sosial-hjelp (www.nav.no)




Tekst: NAV Fensfjorden


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 15.04.2020