HeimNyhendeIngen nye smittetilfelle denne veka (veke 5)

Ingen nye smittetilfelle denne veka (veke 5)

Utbrotet me no ser i Hardanger viser kor smittsamt viruset kan vere, og det er grunn til å vere ekstra varsam i tida framover for å unngå at denne hissige smitten spreier seg i vårt område.

Husk dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og bidreg til å førebyggja smitteutbrot i kommunen.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.
 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 05.02.2021