HeimNyhendeAlle over 18 år får tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine

Alle over 18 år får tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine

Personell i skule og barnehage har prioritet, men me har nok vaksiner til alle over 18 som ynskjer denne.  Dersom det er gått 20 veker sidan dose 2 er det berre å møte opp på ein av vaksinedagane.

Er du usikker på når du fekk dose 2 kan du logge inn på Helse Norge og sjå når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Me utvidar tidspunktet for vaksinering slik:

  • Tysdag 21. desember 2021 kl. 11.00 - 15.00
  • Tysdag 28. desember 2021 kl. 11.00 - 15.00
  • Onsdag 5. januar 2022 kl. 15.30 - 18.00
  • Onsdag 12. januar 2022 kl. 14.00 - 16.00

Koronavaksineringa går føre seg i gamle legekontoret på Hosteland. Her kan du få 1. dose, 2. dose eller 3. dose.

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

FHI tilrår også gravide i aldersgruppa 18-44 år å ta oppfriskingsdose i andre og tredje trimester, og i første trimester dersom dei har annan tilleggsrisiko. Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.


Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 20.12.2021
Publisert: 20.12.2021