HjemNyhendeNytt sakssystem i kommunen

Nytt sakssystem i kommunen

Me skal gjere vårt beste for at det det ikkje går utover deg som innbyggjar, men både postregistrering og sakshandsaming kjem til å ta lenger tid enn vanleg. Endringa gjeld fleire system, og det er ikkje sikkert vi får alt på stell den første månaden.

Når det gjeld innsynsløysing vert det berre dei politiske møta som vert pubilsert i fulltekst. Innsyn kan ein bestille via ny portal. Lenke til portalen finn du her.

Det vert også nytt system for byggesak – eByggesak.

Det nye systemet er tilpassa elektroniske byggesøknader som kjem frå føretak eller privatpersonar. Dette skjer ofte via eksterne leverandører.  Når me får digitale søknadar legg relevant informasjon seg direkte inn i systemet. Dermed reduserer me risiko for feilregistreringar og får betre kvalitet på sakshandsaming.
Med tanke på deg som privatperson avviser vi sjølvsagt ikkje papirsøknadar.

Kvifor bytar vi system?

Det er viktig med gode system for politiske møter, dokumentasjonsforvaltning, arkiv og sakshandsaming. Dette med tanke på sikkerheit, kvalitet og dialog med deg som innbyggjar.

Masfjorden kommune er ein del av IKT Nordhordland, og innkjøp av nye system skjer i samråd med dei andre kommunane i samarbeidet. I år gjekk avtala med tidlegare leverandør ut, og etter ein anbods- og førebuingsprosess er vi nå klar for å ta i bruk nye system. Nye digitale skjema og arbeidsprosessar skal etter kvart sikre betre kvalitet i tenestene vi yter til deg som innbyggjar, og til deg som driv næringsverksemd i Masfjorden kommune.


Sist oppdatert: 20.11.2023
Publisert: 20.11.2023