HeimNyhendeMusikkteater i Nordbygda barnehage

Musikkteater i Nordbygda barnehage

Sjå musepeikaren for bilettekst:
Sonja frå Barnas musikkteater

Sonia frå Barnas musikkteater fortalte eventyret «Den usynlege klangen».  Vi vart dratt inn i ei verd av klangar og nye tonar som var inspirerande. Barna var i starten litt undrande og forventande, men vart etterkvart reve med. Kjente songar med ein ny vri var ein god måte å kople det kjente med noko nytt! Sonia lærte barna at dei kan hente fram usynlege instrument frå sekken på ryggen. Når du speler på dei så vert du glad.

Nordbygda barnehage har fått denne fantastiske gåva frå firmaet Motho v/Kent Remy Berge Kvamsdal. Den inneheld 2 førestillingar pluss eit e-kurs for barnehagepersonalet. Til våren får vi besøk av ein sjonglør.

Vi hentar fram usynlege instrument frå sekken på ryggen

 

Tekst og foto: Inger Marie W. Duesund


Sist oppdatert: 03.10.2019
Publisert: 03.10.2019