HjemNyhendeMenn i helse

Menn i helse

Vestland fylke satsar vidare på prosjektet Menn i helse. 

Eit nytt kull skal no starta opp i Vestland. Masfjorden kommune ønskjer å gje inntil 2 kandidatar dette unike tilbodet. Me søkjer etter menn som er mann nok til å visa omsorg, og til ta ei utfordring.

Det vert informasjonsmøte på Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien 40, Bergen, 24.januar kl.1200.
Meld deg på informasjonsmøte
her. Påmeldingsfrist 23. januar.

Før påmelding bør du snakka med rettleiaren din i NAV. Nav-kontoret ditt kan også hjelpa til med påmelding. På informasjonsmøtet vil du bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene.

I etterkant av møtet vil det verte gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar verte tilbydd ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. Ønskjer du meir informasjon om Menn i helse? Sjekk nettsida vår mennihelse.no

Er du vår neste mann? Grip sjansen!

Kjenne du nokon som fortener ein slik sjanse? Tips dei om Menn i helse! https://youtu.be/hUlsvHlaBhM

 

OBS! Det er no opna for at også kvinner kan søkje på denne utdanninga.

 

Har du spørsmål om Menn i helse?

Kontakt fylkeskoordinator

Kjetil Kvidahl, tlf: 977 48 055

kjetil@mennihelse.no

 

Du kan også kontakte helse- og omsorgsleiar i Masfjorden kommune,
Oddvin Neset, på tlf. 90609941 om du vil vita meir.

Menn i helse


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 03.01.2023