HjemNyhendeMelde feil på veglys

Melde feil på veglys

Om det er mørkt i offentlege veglys langs vegen, i bustadfeltet der du bur eller andre plassar, kan dette meldast rett inn i Eviny sin portal for slike meldingar. Eviny driftar veglys både for Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Masfjorden kommune. Du treng difor ikkje vite om veglyset som ikkje virkar er eigd av stat, fylkeskommune eller kommune. Inne på lenka er det kart der ein kan zooma inn og finna det veglyset som du vil rapportera inn. Her viser det også om det tidlegare er meldt inn feil på same lyset. Det kan ta litt tid før feilen blir retta, då Eviny prøver å samla opp litt feilretting i same område.

 

Her kan du melde inn mørke veglys: Eviny - Feilregistrering Veilys

 


Sist oppdatert: 26.01.2023
Publisert: 26.01.2023