HeimNyhendeEndeleg er det lys i Hostelandstunnelen!

Endeleg er det lys i Hostelandstunnelen!

Ordførar Karstein Totland slår på brytaren

Masfjorden kommune og lokale politikarar har jobba med å få lys i denne tunnelen i lang tid, og i dag (23. mars) kunne ordførar Karstein Totland endeleg skru på lyset i tunnelen.  Samstundes nytta han høve til å takka arbeidsfolka som var til stades for god innsats med tunnellyset.

Det er Mesta AS som har gjort arbeidet med bolting for lysarmaturen, og BMO Elektro AS som har hatt hovudansvaret for installering av lysarmaturen og  det elektriske.
Lyset er på i Hostelandstunnellen

 

Tekst og foto: Sveinung Toft, ass. rådmann


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 23.03.2021