HeimNyhendeKunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for naustområde på Hosteland

Kunngjering om offentleg ettersyn av reguleringsplan for naustområde på Hosteland

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 15.01.2019, sak 003/2019, gjort vedtak om å leggje framlegg til reguleringsplan for naustområde på Hosteland ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Føremålet med planarbeidet er å revitalisere området, ved å opne for at 4 av dei eksisterande nausta som er i dårleg forfatning kan rivast, og opne for oppføring av 7 nye naust. Det er og ønskjeleg å kunne utvide eksisterande småbåthamn med nokre fleire båtplassar, og etablering av eit mindre fellesnaust og betre tilhøve for parkering m.v.. Det vert vist til planskildringa og plankartet for fleire detaljar. Reguleringsplanen har fått planid 1266 – 2018002.

Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 25. februar 2019 til 16. april 2019 på kommunehuset på Masfjordnes. Plankart, reguleringsføresegner, planskildring 03.01.2019 vert med dette sendt ut, samt sjølve saksframlegget til formannskapet sitt møte.

Følgjande sentrale dokument kan ein finna ved å gå inn på sak 18/22 på post innsyn på heimesida:
Illustrasjonsplan dagsett 03.01.2019, ROS-vurdering av 27.11.2018, Skredfarevurdering Hosteland naustområde, Multiconsult datert 20.11.2018, Kapasitetsvurdering av kulvert A/STAB datert 31.10.2018, Notat med kulturminnefagleg uttale frå Museumssenteret i Hordaland, samt oppstartsdokument og innkomne brev til denne.

Plandokumenta som pdf-dokument finn du også her:
Plankart
Reguleringsføresegner
Sakspapir
Planskildiring

Kommunen ber om at eventuelle merknader til planframlegget vert sendt innan fristen den 16. april 2019 til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller til post@masfjorden.kommune.no.

Elektronisk merknadsskjema er og å finna på Masfjorden kommune sine heimesider om ein ønskjer å nytta det.

Administrasjonen tek sikte på å slutthandsama reguleringsplanen i kommunestyremøtet den 9. mai eventuelt 20. juni. 2019, Det er med atterhald om at det ikkje kjem motsegn, eller at planen må endrast vesentleg etter høyringa.

Dersom de har spørsmål i saka kontakt assisterande rådmann Sveinung Toft.


Sist oppdatert: 01.03.2019
Publisert: 22.02.2019