HjemNyhendeKoronavaksinering i februar 2022

Koronavaksinering i februar 2022

Koronavaksinering med 1. 2. og 3. dose

Det vert koronavaksinering på gamle legekontoret i Nordbygda:

  • Onsdag 2. februar kl. 16.00 - 18.00
  • Onsdag 9. februar kl. 16.00 - 17.00
  • Onsdag 16. februar kl. 16.00 - 17.00
  • Onsdag 23. februar kl. 16.00 - 17.00  

Etter desse dagane vert det ikkje lenger vaksinering i Masfjorden kvar veke. Me vil fortsetje å vaksinere, men då etter behov. Me kjem tilbake med tidspunkt for dette.

Alle over 18 år kan få 3. vaksinedose dersom det er gått 20 veker etter 2. vaksinedose. Dersom du ynskjer 1. eller 2. dose med koronavaksine kan du også møte på ein av desse dagane.

Dei med alvorleg svekka immunforsvar og skal ha 4. dose kan og møte her, sjå eige informasjon kven dette gjeld.  

Viktig informasjon: Du får ikkje innkalling til 3. dose slik du fekk til 1. og 2. dose. Du skal ikkje bestilla time for vaksinering, berre møte opp til dei tidene som vert annonsert. Vaksinen er gratis.

FHI tilrår også gravide i aldersgruppa 18-44 år å ta oppfriskingsdose i andre og tredje trimester, og i første trimester dersom dei har annan tilleggsrisiko. Er du gravid og usikker på vaksinasjon, ta kontakt med legekontoret.

Er du usikker på når du fekk dose 2 kan du logge inn på Helse Norge og sjå når du fekk dose 2, eller ta kontakt med legekontoret om du ikkje finn ut av det.

Masfjorden kommune oppmodar alle innbyggjarar som kan om å vaksinera seg.

Ved spørsmål ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf. 56166300 eller Masfjorden helsestasjon: 56166314 / 56166313.

Vaksinasjon med 4. dose koronavaksine til personar med alvorleg svekka immunforsvar.

FHI anbefaler at pasientar med alvorleg svekka immunforsvar tar oppfriskingsdose nr. 4 med koronavaksine.

Det skal ha gått 3 månader frå du fekk 3. dose til du kan få 4. dose.

Dei som skal ha 4. dose kan møte på drop-in på oppsette tider til vaksinering. Sjå under overskrifta: Vaksinering med 1., 2. og 3. dose.

Folkehelseinstituttet har utarbeida ei oversikt over kva sjukdomar personar som blir anbefalt ei 4. dose har og kva medisinar ein nytta.

Sjå denne lenka (ww.fhi.no)

Koronavaksinering for 5-11 åringane og 12-15 åringane

Koronavaksinering for 5-11 åringane

Barn født i 2010-2016 får tilbod om koronavaksine. Føresette kan velje å vaksinere barna sine dersom dei ynskjer det. Dette er mest aktuelt for: 

  • Barn med kroniske sjukdomar (Tilsvarande gruppe som vert anbefalt influensavaksine).  
  • Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse.
  • Barn med auka risiko fordi dei skal flytte eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare helsetenester enn i Norge, eller barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon.  
  • Barn i denne aldersgruppa får eigne barnedosar.  

Dersom du ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, ta kontakt med Masfjorden Legekontor, tlf. 56166300.

Koronavaksinering for 12-15 åringane

  • Regjeringa har avgjort å følgje Folkehelseinstituttet sin anbefaling om å tilby koronavaksinasjon til ungdom i alderen 12 - 15 år. Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine.
  • FHI anbefaler at ungdommar i aldersgruppa 12-15 år kan få tilbod om dose 2.
  • Dette er eit frivillig tilbod og føresette kan sjølv velje å vaksinere barna sine med dose to 8- 12 veker etter dose 1 dersom føresette/barnet sjølv ynskjer det.
  • Dersom de ynskjer at ditt barn skal vaksinerast, kan de møte på drop-in på oppsette tider til vaksinering. Sjå under overskrifta: Vaksinering med 1., 2. og 3. dose.

Begge føresette må samtykke skriftleg til vaksinering av barn under 16 år.
Her finn du samtykkeskjema (www.fhi.no)

 

 

 

 

Tekst: Trude Fykse, helsesekretær, Masfjorden legekontor


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 28.01.2022