HeimNyhendeKoronaoppdatering veke 29: Alle som var i karantene har testa negativt

Koronaoppdatering veke 29: Alle som var i karantene har testa negativt

Me er glade for at utbrotet vart stoppa så raskt, og vonar at det no ikkje er smitte i kommunen.

Det er mange som skal ha ros for at utbrotet ikkje fekk større omfang:

  • Helseavdelinga for rask og effektiv smittesporing, karantenesetting og prøvetaking.
  • Involverte innbyggjarar for å ha samarbeida så godt med vårt helsepersonell for å avgrensa utbrotet.

Pandemien er ikkje over, og me ber framleis om at du ved symptom held deg heime og får testa deg. Det har vist seg at symptoma hjå fleire av dei smitta var svært avgrensa/svake.

Me minner og om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har også har små eller diffuse luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest. Denne tenesta er tilgjengeleg alle kvardagar frå klokka 09.00, men ring for å avtale tid.

 

Tekst: Arne Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 20.07.2021
Publisert: 20.07.2021