Kommunevegen i Solheimslia vert tidligst opna torsdag 17. november

Oppryddingsarbeidet er no starta opp for å fjerna rasmassane, og deretter få reparert kommunevegen forbi Vågset.

Kommunen har etter dialog med utførande entreprenør fått forståing av at vegen tidlegast vert opna torsdag 17. november.

Ny informasjon vil verta lagt ut på heimesida når kommunen veit meir om framdrifta i arbeidet.

 

Tekst: Sveinung Toft, assisterande rådmann


Sist oppdatert: 14.11.2022
Publisert: 14.11.2022