HjemNyhendeKommunen inviterer til informasjonsmøte med KLP

Kommunen inviterer til informasjonsmøte med KLP

Tysdag 25. oktober kjem Frode Berge frå KLP for å halde informasjonsmøte knytt til rettar og moglegheiter i pensjonsordninga.

Dette er eit generelt informasjonsmøte for kommunalt tilsette. Dei som i tillegg ynskjer individuelle samtalar kan få det via Teams seinare i haust.
Tilsette i skulen knytt til Statens pensjonskasse er også velkomne. Reglane for offentleg tenestepensjon er mykje dei same i KLP og SPK.

Det er eit viktig skilje i regelverket for dei som er fødde før og etter 1963. Informasjonen vert difor delt i to bolkar. Du treng berre møte på den som er aktuell for deg.

Møta vert halden i kommunestyresalen på Masfjorden kommunehus.
Møtetidspunkt: Tysdag 25.10.2022
- 11.45 – 12.45: Møte for tilsette fødd i 1962 og tidlegare
- 12.45 – 13.45: Møte for tilsette fødd i 1963 og 1964

Påmelding innan fredag 14. oktober til erik.klausen@masfjorden.kommune.no
Obs! Skriv kva av møta du vil delta på.

01.01.2020 vart opptening av alderspensjonen i offentleg tenestepensjon for personar som er født i 1963 eller seinare, endra. Personar fødd i 1962 og tidlegare vert ikkje råka av endringane.
Det vert derfor halde to informasjonsmøte; eitt for tilsette fødd i 1962 og tidlegare og eitt for personar fødd i 1963 og seinare.

Informasjon frå KLP
KLP sitt kundesenter - Her kan du ringe eller chatte

 

Tekst: Erik Klausen 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 16.09.2022