HeimNyhendeKlara Olga tok ein god fjerdeplass i sykkel VM for eldre

Klara Olga tok ein god fjerdeplass i sykkel VM for eldre

Klara Olga Nesbø fekk utdelt pokal frå ordførar Karstein Totland. Ho kjempa lenge om tredjeplassen, så ho fortjente ein eigen pokal for innsatsen.

(Bruk musepeikaren for bilettekstar)

-Eg har aldri kunne sykla ein ekte sykkel, for det var ikkje vegar til slikt då eg var lita, fortel den stolte medaljevinnaren Klara Olga Nesbø (76)
Ho sykla heile 1006 km, og vart med det beste kvinne i Nordhordland.

Heilt i toppen

-Masfjorden sjukeheim kom på 10. plass av alle lag i verda. Og det var altså 194 lag frå sju forskjellige land, fortel aktivitør på Masfjorden sjukeheim, Berit Totland. Ho er stolt av det gjengen hennes har fått til.
-Me heldt oss heilt i toppen, og det er stor stas, seier ho. Ho får støtte av kommunefysioterapaut Lene Reigstad Danielsen. Dei to har vore sterke pådrivarar og motivørar for dei eldre som har sykla.
-Vi har det beste laget i Nordhordland og vi har beste kvinna. Dei har stått på og jobba mot eit felles mål, så det er klart vi er stolte, seier dei.

VM for eldre

Meland-firmaet Motitech har i fleire år arrangert sykkel VM for eldre, og i år hadde dei imponerande 4333 deltakande syklistar frå då altså sju forskjellige land. Til saman vart det tilbakelagt 108.412 km dette året. Medan ein syklar kan ein sjå film frå forskjellige stader over omtrent heile verda. Det er meininga at syklane skal kunna motivera eldre til mosjon, samtidig stimulera andre sansar gjennom film og musikk. I heile september har det vore full aktivitet på sjukeheimens to motitech-syklar, noko som altså har gitt godt resultat.

Skal fortsetje

Klara Olga fortel at ho har sykla mellom tre og fire gonger kvar dag i denne månaden konkurransen har halde på. Og ho vart verkeleg bitt av konkurranseinstinktet!
-Eg er eit konkurransemenneske, og då eg fekk vita at eg kjempa mot ei anna om tredjeplassen vart eg endå meir ivrig, seier ho mens ho trør. Ho har planar om å fortsetje å sykle, for ho kjenner på skrotten at det gjer godt.
-Eg har fått betre kondis, og er lettare til beins. Men eg skal ikkje sykla fullt så ofte som eg har gjort, nokre dagar har dei som arbeider på sjukeheimen lurt på om eg har sykla heile natta, ler ho.

Sjølv om ho aldri lærte å sykla ein ekte sykkel vart Klara Olga bitt av basillen og sykla opptil fire gonger dagleg under VM

 

Tekst og foto: Sigrun Haugsdal Reknes, tilsett ved Masfjorden sjukeheim


Sist oppdatert: 09.10.2019
Publisert: 09.10.2019