HjemNyhendeInformasjon om fastlegesituasjonen

Informasjon om fastlegesituasjonen

Dei som har Rolf Martin Tande som fastlege vil få melding frå HelseNorge/Helfo om ny fastlege.

Masfjorden kommune arbeider med utlysing og rekruttering av ny lege til kontoret.

Om du har fastlege ved eit anna legekontor er det viktig at du nyttar den. Fastlegen er den som har best informasjon om deg, og kan utøve best mogleg tilbod for deg.

For dei som ikkje har fastlege ved kontoret og oppheldt seg i kommunen, hjelper Masfjorden legekontor ved akutt behov for helsehjelp.
Dersom du er usikker på kva fastlegeliste du tilhøyrar kan du finne informasjonen ved å logge inn på HelseNorge.

 

Tekst: Helsetenesta v/ Ida Eide


Sist oppdatert: 25.09.2023
Publisert: 25.09.2023