HeimNyhendeHelsetenesta har tilgjengeleg hurtigtestar for korona

Helsetenesta har tilgjengeleg hurtigtestar for korona

Desse kjem i tillegg til dei vanlege laboratorietestane som me må sende inn. Vårt helsepersonell vurderer kven som treng hurtigtest.

Fordelen med hurtigtestar er at dei gjer oss raskt svar på om ein person er smitta av koronaviruset og kan smitta andre.

Nokon gonger er det viktig å få raskt svar på koronatestar, til dømes dersom ein trur at mange kan vere smitta. Då vil hurtigtestar hjelpe oss å kome raskt i gong med smittesporing og setje inn tiltak for å stoppe utbrot.

Hurtigtestane er litt mindre nøyaktige enn laboratorietane, og difor vil laboratorietestane framleis verte nytta mest.


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 04.12.2020