HeimNyhendeHer et dei middag når dei er svoltne

Her et dei middag når dei er svoltne

Middagsservering på Masfjorden kommune (Kommual Rapport)(Bilete er henta frå artikkelen til Kommunal Rapport)

"For to år sidan fekk over halvparten av dei eldre på sjukeheimane middag før klokka 14. No får TRE AV FIRE den etter klokka 14. I Masfjorden kjem maten på bordet når bebuarane er svoltne." - skriv Kommunal Rapport

Ei undersøking Kommunal Rapport gjorde i januar i år syner at 75 prosent av bebuarane på sjukeheimane et middag etter klokka 14. For to år sidan var prosenten i ei tilsvarande undersøking 45.

I Stortingsmeldinga «Leve hele livet - Ein kvalitetsreform for eldre» er endra måltidsrytme og fleire måltid per dag nemnt som tiltak for betre søvn og meir tid til aktivitetar på føremiddagen.

Her kan du lese heile den flotte artikkelen som pdf-fil

I leiarartikkelen same dag vert Masfjorden kommune framheva som ein føregangskommune med "Enkle løysingar på alvorlege problem" (kommunal-rapport.no)

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 05.03.2019