HeimNyhendeInvitasjon til folkemøte om akvakulturanlegg

Invitasjon til folkemøte om akvakulturanlegg

I tilknyting til planar om etablering av akvakulturanlegg i Andvik i Masfjorden kommune er det ynskjeleg å gje nærmare orientering til grunneigarar, naboar og andre interesserte.

Tiltaket er i hovudsak tenkt lokalisert til gnr. 26 bnr. 4-6 og gnr. 26 bnr. 11 som mellom anna omfattar den gamle fabrikkbygningen, der det ligg føre pålegg om riving.

Det skal utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing, og planprogrammet er under utarbeiding. I dette arbeidet er det av interesse å avklare relevante problemstillingar som gjeld dei som vert råka av tiltaket.

Invitasjon til folkemøte, med kartskisse (pdf)

Tidspunkt:
Måndag 3. februar 2020, kl. 18.00 i kommunestyresalen i kommunehuset, Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 10.06.2020
Publisert: 24.01.2020