Drop-in sesongvaksinering hausten 23

Hausten er her, og det er forventa fleire luftvegsinfeksjonar gjennom haust- og vintersesongen. 

Nærmare informasjon om kven dei ulike vaksinene er tilrådd for, og kva vaksiner som kan kombinerast, finn du i informasjonen nedanfor og i vedlagte lenker. Vaksinasjon vil beskytte mot sjukdom, redusere smitte, redusere sjukefråvær, og bidra til god beredskap i helse- og omsorgstenestene.

Det blir drop-in sesongvaksinering i Masfjorden kommune:

  • Klubbhuset på Hosteland: Måndag 23/10, kl 13:00-18:00
  • Grendahuset på Solheim: Tysdag 24/10, kl 10:00-14:00
  • Kommunestyresalen, Masfjordnes: Torsdag 9/11, kl 10:00-14:00

Ved drop-in treng ein ikkje å bestille time på førehand, det er berre å møte opp i tidsrommet som er satt opp. Vi oppmodar flest mulig til å møte på dei oppsatte dagane.

  • Små barn kan få sesongvaksinasjon på helsestasjonen etter avtale.
  • Det blir tilbod om sesongvaksinasjon på sjukeheimen for dei som bur der.

Prisar:

Koronavaksine: Gratis
Influensavaksine: 200 kr
Pneumokokkvaksine: 400 kr

Det blir mulig å betale kontant (ta med nøyaktig sum), med Vipps, eller få tilsendt faktura med gebyr.

Kven bør vaksinere seg mot influensa?

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Prematurt fødde barn, særlig fødd <veke 32, opp til 5års alder
  • Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar (sjå meir informasjon i vedlagt link)
  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte

I vedlagte lenker ligg det god informasjon om vaksinene og kven dei er tilrådd for. Om du har helserelaterte spørsmål knytt til om du skal vaksinere deg som du ikkje finn svar på i denne informasjonen, oppmodar vi deg til å ta kontakt med din fastlege for vurdering i forkant av vaksineringa.

FHI oppfordrer flere til å ta vaksine mot influensa og korona - FHI

Influensavaksine til risikogrupper - FHI
Informasjon om koronavaksine - FHI
Pneumokokkvaksine - FHI

Influensa- og koronavaksine på 1-2-3 - FHI

Kva vaksiner kan setjast samtidig?

Illustrasjon som syner kombinasjonar av vaksiner

 

Tekst: Laila Mjånes - leiande helsesjukepleiar 


Sist oppdatert: 12.10.2023
Publisert: 12.10.2023