HeimNyhendeBli med i kulturskulen!

Bli med i kulturskulen!

Kulturskulen har dei siste åra hatt om lag 150 elevplassar, og har ingen venteliste.

Innmelding på elektronisk skjema. Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i april.

Dersom du allereie er elev i kulturskulen treng du ikkje melda deg på nytt for kvart skuleår, med mindre du ønskjer å delta på andre kurs.
 
Dersom du ikkje ønskjer å fortsetja med det kurset du har dette skuleåret, må
du melda deg av skriftleg til kulturskulen på elektronisk utmeldingsskjema.
 
Påmeldinga gjeld for heile skuleåret, og dersom du ønskjer å slutta midt i året,
må du likevel betala påbegynt semester.
 
Alle får i utgangspunktet undervisning ein gong i veka, dei fleste i grupper.
 
Elevar som søkjer må ordna med eigne instrument til å spela på heime.
Unntaket er skulekorpsaspirantar, då desse får låna korpsinstrument.
 
Elevar som melder seg på samspelkurs og band, vert oppmoda om å
diskutera påmelding med aktuelle medmusikantar.
 
Aspirantopplæringa til skulekorpsa går i utgangspunktet over 1,5 år.
 
Teikne/målekurset har dei siste åra hatt søkjarar frå Matre og Nordbygda, og kursstad har difor vore desse to stadane.

Dramakurset er lagt til tre helgesamlingar pr. semester. Samlingane blir lagt vekselvis til dei tre skulane i kommunen. Gruppa arbeider med ulike oppsetjingar. Vinteren 2020/21 er det Robin Hood  som står på programmet.

Har du ønskje om kurstilbod som ikkje står på lista kan du føra det opp    
under ”merknader” i påmeldingsskjemaet, kanskje me kan få til noko? Viss
ikkje veit me i alle høve at interessa er der og kan gjera noko med det til
seinare år.

Elevane må sjølv dekka innkjøp av naudsynt opplæringsmateriell (notar,
teikneutstyr etc.).  Dette vert betalt saman med kurspengane to gonger i året (haust/vår).

Vaksne kan og søkja, og vil få tilbod dersom ledig kapasitet.

Sjå informasjon om Masfjorden kulturskule på heimesida



Tekst: Frank Kvinge, kulturskulerektor/fagleiar kultur


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 26.02.2021