Kunngjering av godkjent reguleringsendring reguleringspan for Rørdalen

Det vert vist til revidert plankart av 03.04.2023 og reviderte føresegner av 12.04.2023. samt saksutgreiing med vedtak frå kommunestyret si handsaming.

Hovudføremålet med reguleringsendringa er å justere plasseringa av byggjeområde VA1, slik at  kloakkanlegget får ei lokalisering som sikrar fall,
samt justere plassering av byggjeområde La (lager), dette for å kunne leggja om tilkomstvegen. Omlegging av tilkomstveg vert gjort for at bygningar i HK1 skal kunne trekkast lenger ned i terreng mot eksisterande veg. I tillegg vert parkeringsarealet utvida. Ein del endringar som vart føreslått i starten, er i løpet av prosessen teke ut av planen.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 20. juni 2023 til 15. juli. 2023 i ekspedisjonen på kommunehuset på Masfjordnes, samt på Masfjorden kommune si heimeside www.masfjorden.kommune.no, under vedtekne reguleringsplanar.

 

Reguleringsendring - saksframlegg med vedtak i kommunestyret 4.5.2023
Plankart reguleringsplan

Føresegner Rørdalen hyttefelt
 - revidert 12.4.2023

 

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om eigengodkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa.

Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Vestland og sendast til:

Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller til post@masfjorden.kommune.no innan 15..juli 2023.


Dersom de har spørsmål i saka kontakt assisterande rådmann Sveinung Toft.

 


Sist oppdatert: 30.06.2023
Publisert: 16.06.2023