Bjørn West-museet
Opningstider
01.05 - 14.05: Laurdag til søndag kl. 11.00 - 17.00. Alltid ope etter førehandsavtale
15.06 - 23.08: Tysdag til søndag kl. 11.00 - 17.00
24.08 - 30.09: Laurdag og søndag kl. 11.00 - 17.00. Ope etter avtale på kvardagar
01.10 - 30.04: Ope etter nærare avtale
Ved besøk utanom opningstidene, kontakt museet på tlf. 56 36 63 00 eller 46905204
Prisar: Vaksne kr 70,-, Born under 16 år: gratis - Grupper(10 eller fleire) kr. 60
Kontaktperson Arnold Matre, 5984 Matredal. E-post: arnold.matre@museumvest.no
Heimeside: http://bjornwest.museumvest.no/
Etter besøket på museet vil me anbefale «Historisk bilvandring - I Bjørn West sine fotspor» til Stordalen.
Korleis kome hit
Bjørn West-museet ligg i Matre, ved E39, ca. 1 time nord for Bergen og ca 30 min sør for ferjeleiet Oppedal/Lavik i Sognefjorden.
I Matre har BKK to store kraftstasjonar i fjell som forsyner Stor-Bergen og deler av Vestlandet med elektrisitet. Havforskningsinstituttet har en internasjonal forskingsstasjon her, her er skule, og i Grøn Næringspark Matre er det ledig næringsareal eller du kan klatre i Buldrestein eller hoppe i sykkelløypa.
Historisk bilvandring
Eit besøk på Bjørn West museet kan kombinerast med bilvandring til Stordalen Fjellstove der Bjørn West hadde hovudkvarteret sitt. Undervegs er det 8 stoppeplassar for informasjon om hendingane i området.
I Stordalen står det og ein bauta over 6 falne Bjørn West - soldatar samt Torgeir Stordal som ble skoten av tyskarane der. Frå Stordalen kan ein halda fram ned til Førde ved Sognefjorden og vidare til Massnes Villmarksmuseum som har ei stor samling av gamle bruksting og utstoppa og levande dyr. Frå Massnes er det berre 11 km til Oppedal ferjekai.
Tekst: Arnold Matre
Foto: Frode Vee-Haugen