Transport

Parkeringsløyve for rørslehemma

Parkeringsløyve er eit bevis på at du kan parkere på plassar for rørslehemma.

Slik søkjer du

Til søknadsskjema

  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. Dette gjeld og ved fornying av parkeringsløyve.
  • Det må leggast ved legeerklæring ved søknaden.
  • Legg ved passfoto.

Søknad vert handsama etter gjeldane forskrift om parkeringsløyve for rørslehemma (lovdata.no)

Transport til dagsenter

Transport er ein del av tilbodet om dagsenter på sjukeheimen. Den som får innvilga plass ved dagsenteret, vil få tilbod om transport til og frå sjukeheimen.

Dagar og tidspunkt for transport vert avtalt med heimetenesta. Betaling inngår som ein del av eigenbetaling for dagsenter.

TT-kort (transportordning for funksjonshemma)

TT-kort eller transportordninga for funksjonshemma er eit tilbod til innbyggjarar i Vestland fylke, som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet.

Det er Vestland fylkeskommune som har ansvar for sakshandsaming.
    
Her finn du meir informasjon og korleis du kan søkje(www.vestlandfylke.no)


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 30.11.2018