Omsorgsbustader

Omsorgsbustadane er tilpassa rørslehemma og tilrettelagt for å ta imot nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer på same måte som for andre heimebuande.

Slik søkjer du

Søknadsskjema og rettleiing

Etter at søknaden er motteke vil du bli kontakta for ein samtale eller eit heimebesøk for kartlegging og vurdering  i forhold til  dei kriterier som føreligg  i kommunen sine retningslinjer. Retningslinjer for tildeling av omsorgsbustad (pdf).

Kostnad 

Husleige for omsorgbustadane vert fastsett av kommunen årleg.
Du kan søkje om bustøtte frå Husbanken.

Omsorgsbustadane

Sandnes: 5 bustader
Hosteland: 11 bustader
Haugsvær: 5 bustader
Matre: 4 bustader

Masfjorden Bu- og aktivitetssenter

Her finn ein 10 omsorgsbustader tilrettelagt for barn og unge med særskilde behov. Den eine bustaden er avlastingsbustad.


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 26.11.2018