Praktisk bistand
Praktisk bistand
Heimehjelp er eit tilbod til innbyggjarar som treng hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonstap, eller andre årsaker.
I vurderinga legg ein vekt på å støtta og legga til rette for at søkjar kan meistre mest mogeleg på eigahand.
I vurderinga av trong for hjelp tek ein omsyn til:
- Den einskilde sin mogelegheit til å klare , eller ta del i oppgåvene
- Om det er ektefelle, familie eller andre som an ivareta eller ta del i oppgåvene
- Om hjelp kan bidra til å unngå belastningar og skade
Dette kan du mellom anna få hjelp til:
- Reingjering – støvsuging og golvvask av rom i dagleg bruk
- Klesvask
- Skift av sengekle
- Handling
- Andre nødvendige oppgåver for å kunne meistre å bu heime.
Kva kostar heimehjelp?
Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du må betale for heimehjelpa. Oversikt over eigenbetaling helse-og omsorgstenester (lenke til siste kommunestyrevedtak.
Sist oppdatert:
16.12.2021
Publisert:
16.12.2021