Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
- BPA er ein alternativ måte å organisere praktisk bistand og opplæring og støttekontakt på, for personar med nedsett funksjonsevne, som har behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen. Dette gjeld t.d. praktiske oppgåver i hushaldninga, direkte personleg hjelp med hygiene, påkledning, mat m.v.
- Helsetenester er ikkje omfatta av denne ordninga.
- BPA skal medverke til at personar med bistandsbehov får eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsetting.
- BPA er hovudsakleg retta mot personar med langvarig behov utover 2 år med stort behov for tenester. Med stort behov meinast i utgangspunktet 32 timar pr. veke.
- I prinsippet inneber BPA ordninga at du sjølv har rolla som arbeidsleiar, eller andre personar på vegne av eller i samarbeid med deg.
Kva skjer vidare?
- Søknaden din vil bli vurdert og me vil finne det tilbodet som passar best i samråd med deg.
- Me tar kontakt med deg, dersom me treng fleire opplysningar eller ynskjer å koma på heimebesøk.
Kva kostar det?
Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til husarbeid i heimen din, må du betale eigendel for praktisk bistand. Lenke til dokumentet eigenbetaling i Pleie og omsorg.
Det er den samla inntekta i husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.
Kva får du?
- Du får assistentar som kan hjelpe deg med personlege og praktiske gjeremål.
- Du styrer kva assistentane skal gjere og når assistentane skal være hjå deg, innanfor dei timerammer som inngår i vedtaket.
Masfjorden kommune har pr. i dag ikkje ei ordning for å velje leverandør av brukarstyrt personleg assistanse.
Sist oppdatert:
16.12.2021
Publisert:
16.12.2021