Avlasting

Kommunen sitt ansvar for å tilby avlastingstjenester er heimla i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester og lov om pasient- og brukerrettigheter.

Slik søkjer du

Elektronisk søknadsskjema (skjema.kf.no)

Du kan og ta kontakt med Forvaltningskontoret for helse - og omsorg på tlf. 56166560 for å få tilsendt skjema eller på e-post: forvaltningskontoret@masfjorden.kommune.no

Her kan du få informasjon, råd og rettleiing om tenesta og søknad. Både pårørande og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om avlasting.

I søknaden eller vedlegg til søknaden må du skildre behovet ditt for avlasting og grunngje kvifor du søkjer.

Ulike avlastingstilbod

Formålet med avlasting er at foreldre eller pårørande får nødvendig og regelmessig fri frå tyngande omsorgsoppgåver der ein kan ha fritid, ferie og ta vare på andre familierelasjonar og sosiale nettverk.

Avlasting kan bli gitt på fleire måtar og i ulikt omfang utifrå behov. Det kan bli gitt som timeavlasting i heimen eller time/døgnavlasting  utanfor heimen,  på sjukeheimen eller ved Masfjorden Bu- og aktivitetssenter for barn og unge med særskilde behov.

Kommunen vil være i dialog med deg som søkjar og vurdere kva tilbod som er best for dine-, eller familien sine behov.

Kostnad

Avlasting er gratis og skal ikkje medføre utgifter for opphald, mat eller transport til /frå avlasting. For dei som har innvilga stønad til bil frå NAV skal bil følgje med til avlasting med mindre anna er avtalt.


Sist oppdatert: 17.12.2021
Publisert: 17.12.2021